Vamp rørte publikum
Vamp leverte torsdag ein konsert som publikum, dei fleste oppe i åra, verkeleg sette pris på.
Mange av songane dei framfører var med på den fyrste plata, «God morgon, søster», som kom ut i 1993. Me har høyrt dei før, men tolte godt å høyra dei igjen.
Vamp strålar ut rutine, originalitet og speleglede, og framstår i dag som eit av våre aller største band, på line med Sambandet og De Lillos.