Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vidunderleg Vamp

Konserten i Kulturhuset Husnes torsdag syner at Vamp framleis held koken, og nytt, friskt musikarblod i gruppa har slett ikkje vatna ut den typiske stilen for gruppa.

Musikken til Vamp er like varierande som havet dei så ofte syng om. Kraftig og brusande som stormbølgjer, og varsame og roande som skvulp over fjøresteinar. Musikken fyller deg frå topp til tå, og ein kan ikkje unngå å verta bergteken av sam-spelet mellom instrument og stemme. Bruksområda for fele og munnharpe er ἀeire enn eg kunne førestilla meg, og kven skulle tru at nettopp munnharpe og råe gitarsoloar kunne låta så godt saman?

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Vidunderleg Vamp»