Forrykande Vamp
Vamp leverde ein fantastisk flott konsert i Fitjar kultur- og idrettsbygg tysdag kveld
Mange hadde store forventingar til denne konserten, og applausen runga allereie då musikarane stille entra scenen. "Applaus allereie før me har gjort noko?", kommenterte Stavland, som så lovde at dei skulle spela så fint dei kunne. Og det gjorde dei verkeleg! Dette må vera tidenes konsert i kultursalen, som var stappfull til randa. Det måtte setjast fram ekstra stolar, men alle såg godt, høyrde godt og fekk valuta for pengane.