Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp sjarmerte publikum

Foto: Andreas K. Rasmussen

I solsteiken på Flø spelte Vamp ein solid konsert for dei rundt 900 frammøtte.

- Heilt fantastisk fint, mykje folk og flotte omgjevnadar, men vi hadde jo den beste utsikta, lo frontfigur Øyvind Staveland og viste til at musikerane på scena fekk sjå utover publikum og havet.

Vamp spelte for publikum i rundt ein halvannen time, og dei nær 900 frammøtte fekk det dei hadde komt for. Vamp var profesjonelle til fingerspissane og spelte kjende og mindre kjende sangar for eit takknemlig publikum i sola. Mot slutten kom der nokre regndropar, utan at det sette ein dempar på stemninga.

På siste sangen før ekstranummeret fekk Vamp hjelp av Kamilla Grimstad til å synge ”Tir’Na Noir”. Ho var i godt humør etter opptredenen hennar.

- Eg følte det gjekk greitt, det var kjempekjekt. Konserten var også veldig bra, eg song med på alle songane, smilte Grimstad.

Les hele anmeldelsen hos Vikebladet

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Vamp sjarmerte publikum»