Vamp vann over vêrgudane
Litt regn sette ingen stoppar for Vamp. Laurdag leverte dei eit velplassert sett ved Iungsdalshytta.
Eit lett regnslør la seg over publikum i det Vamp entra scena.
Det gløymde ein straks "Ta meg med" kom i gang.
Sidan gjekk både vêret og musikken i bølgjer, frå lågmælte "Kim du nå va" til den meir fartsfylde "Månemannen".
Det musikalske høgdepunktet kom då solospelet til Torbjørn Økland skar gjennom skydekket og fjerna all tvil: Vamp er kome til fjellheimen for å bli - i første omgang ut helga.
Vokalist Paul Hansen får publikum med seg, men det er ikkje til å kome frå at det er Øyvind Staveland som er Vamp.
Dersom du er av dei 500 som har billett til sundagens konsertoppleving er dette tips å ta med seg: fjellklede, varme skift og sitjeunderlag.
Elles kan du eventuelt førebu det litt ekstra settlista frå laurdag:
- Ta meg med
- 13 humlar
- Sommarjenta
- Ingeborg
- Hallo - Adjø
- Kim du nå va
- Nok ein sang om havet
- På bredden
- Lindehålsma'en
- Sitte å tenke
- Våken drøm
- Tvangstankar
- Hønsahus
- Amanda
- Brista eller bera
- Ba
- Men går eg øve engene
- Månemannen