Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Festen held fram

Faksimilie Midtsiden.no 23/6-2011

Tjuvstarten på Osøren Blues & Jazzfestival blei ein suksess med nær 1200 tilskodarar i Oseanasalen.

Tjuvstarten på Osøren Blues & Jazzfestival blei ein suksess med nær 1200 tilskodarar i Oseanasalen.

- Det var eit fantastisk publikum og utruleg kjekt å spele for eit ståande publikum, seier Hansen når vi møtar Vamp etter konserten.

Då hadde bandet spelt halvannan time før dei blei trampeklappa inn att for ekstranummer.
Topp lyd

Med "Månemannen" i ei framføring full av trøkk avslutta bandet den første opptreden i Oseana.

- Vi har absolutt lyst å komma tilbake om vi får lov, seier Mr. Vamp Øyvind Staveland.

Ein ting var både publikum og band einige om. Oseanasalen fungerar for rockekonsertar.

- Det var kjempelyd. Her har dykkar fått eit fantastisk hus, meiner Hansen.

- Lyden var topp. Vi sto midt i salen og storkoste oss, fortalte ein par midtsiden.no møtte på veg ut etter konserten.
Gledeleg møte

Vamp hadde med seg Eivør Pàlsdòttir frå Færøyene.

- Vi fall for denne huldra første gong vi møtte ho, og er utruleg glad for å ha om med oss, introduserte Øyvind Staveland gjesteartisten.

Og jenta frå øya innfridde. På sjarmerande norsk introduserte ho eigne sangar og fortalte innhaldet for dei som ikkje var heilt stødige i færøysk.

Det heile toppa seg då ho sang den kvinnelege vokalen på Tir'na Noir omsett til færøysk. Ei låt bandet forøvrig fekk god hjelp av publikum til å gjennomføra.

Les hele anmeldelsen hos Midtsiden.no

Hva synes du om «Festen held fram»