Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp leverte i solskinet

Faksimilie Grannar 13/7-2011

Nydelig vêr og god stemning gjorde at dei mange hundre frammøtte fekk nyta ei god konsertoppleving.

Bandet, som utan tvil har rykte seg for å vere eit av Noregs beste liveband, leverte også denne gongen ein svært solid opptreden, til publikums store begeistring ved utescenen House of Blues.

Med laget til Skånevik tysdag kveld hadde haugesundsbandet Eivør Pálsdóttir frå Færøyane, som med ei nydeleg stemme gjorde ein strålande jobb nokre av Vamps låtar, i tillegg til å framføra nokre av sine eigne, både norsk og færøysk.

Øyvind Staveland presenterte songarinna som ei blanding mellom ein engel og ei hulder, og det var tydeleg at artistane koste seg saman scena

Heilt forelska

Vamp hadde publikum i si hule hand heilt frå første strofe, og stemninga var til å ta og føla dei drog i gong skikkelig.

Det var kjempebra! Eg blir heilt forelska, smiler Isabell Ytrenes Aastvedt, som også fekk med seg Vamp dei vitja bygda i fjor sommar.

Konserten, som varte i vel halvannan time, bestod både av gamle slagerar og nyare stoff i skiftande tempo, frå haugesundsbandet som har eit repertoar beståande av mange perler. Noko som verkeleg falt i smak denne sommarkvelden var den nye songen «liten fugl», som dei framførte heile to gonger.

Som siste låt kjørte bandet i gong med si kjende og kjære «Tir n'a Noir», men dei gjekk av scena ville ikkje publikum rikka seg. Til trampeklapp kom bandet tilbake der dei høyrer heime, og framførte to ekstranummer. Blant dei var «Månemannen», ein song publikum tydeleg hadde venta , og som hausta stor applaus.

— Over 500

Sjef for arrangementet, Alf Warloe Christophersen, kan ikkje rosa bandet nok.

Det var ein flott konsert, og med det fine vêret og solnedgangen i tillegg, kunne det jo ikkje blitt betre, seier ein tydeleg nøgd Christophersen.

Han har ikkje noko eksakt tal kor mange som kom for å høyre , men meinte det var om lag 500-600 stykk, noko han synest var bra, særleg ein tysdagskveld.

Både vi og bandet er kjempefornøgde, slår han fast.

Christophersen får også fram at publikum allereie neste helg kan gleda seg til nye, gode konsertopplevingar ved utescenen House of Blues, det igjen er duka for Skånofestival i Skånevik.

Les hele anmeldelsen hos Grannar

Hva synes du om «Vamp leverte i solskinet»