Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Fullklaff for Vamp-konsert på SJH

Faksimilie Aurland kommune 15/7-2011

Vamp-konserten 13. juli på festplassen på Sogn jord- og hagebruksskule samla nær 600 betalande tilskodarar.

Rammene rundt konserten kunne knapt bli betre. Med eit strålande sommarver og dei eineståande kulissane som både festplassen Sogn jord- og hagebruksskule og utsikta vidare framover dalen gjev, var grunnlaget plass for ei minnerik oppleving.
Det er aller første gongen Vamp vitjar Aurland, og dei  frammøtte fekk ei fantastisk konsertoppleving. Med seg  konserten hadde dei også Eivør Pálsdottir frå Færøyane, som Øyvind Staveland presenterte som ein miks av engel og hulder (bilete). Vamp baud ei blanding av både nytt og gamalt, og iblanda nokre av Eivør Pálsdottir sine eigne melodiar, vart det ein strålande konsertHeilt frå dei opna med 13 humler og Ingeborg, til dei avslutta med ekstranummera Månemannen og den nye Liten Fugl, hadde dei publikum i si hule hand. Mykje tyder at Liten Fugl vert ein ny hit frå Vamp. Og  Tir n'a Noir vart spelt, med Eivør Pálsdóttir si vakre stemme og færøyisk tekst, rann det nok mang ei tåre blant publikum.

Og me i Nynorske Litteraturdagar seier Tusen takk - både til dei mange frivillige som gjorde konserten muleg, til Røde Kors som velvillig (som alltid) stilte opp - og sjølvsagt til Vamp og Eivør. Me både håpar og trur at de kjem att til Aurland ein gong!

Les hele anmeldelsen hos Aurland kommune

Hva synes du om «Fullklaff for Vamp-konsert på SJH»