Inderleg og svulstig

Etter tjue års fartstid, tolv album, fem spellemannsprisar og 750.000 selde plater er kongane av vestnorsk folkpop-rock tilbake med sitt første studioalbum på fire år
Vamp på plate anno 2012 er Øyvind Staveland, Torbjørn Økland, Carl Øyvind Apeland, Odin Staveland og Paul Hansen, attåt trommemeister Torstein Lofthus og den assosierte færøyske medlemen Eivør Pálsdóttir som syng som ein rislande fjellbekk. Her er også gjestemusikantar, men produsent Espen Lind har gått for eit proft nedstrippa sound og vare songar om kjærleik, saknad, lengt, smerte, trøyst og von.
TEKSTLEG NEDTUR
Men i sum blir det altfor sentimentalt. På fjerde høyring av opningssongen «Ord» fekk eg ei forstyrrande kjensle av å sjå Løvenes konge med soundtracket til Elton John på øyret. «Se meg» er ein kjærleiksballade om å elske når morgonen gryr, klisjé i seg sjølv, og når renessansefløyta pip, blir det vanskeleg med: «Hold meg når måsen skrike - i angen fra havet og fjorden som flør.»
For eit band som tidlegare har nytta Kolbein Falkeids tekstar, er tekstane på denne plata ein nedtur.
Men rett skal vere rett, tittelsporet «Liten fuggel» står i ei særstilling. Her vil eg også forsvare Vamp mot plagiatskuldingane som kom i sommar då låten blei ein singelhit. Han liknar både på Sidsel Noreviks «Annalee» og Malvina Reynolds' «Little Boxes», men han har meir sams med Hank Williamsvalsen «On the Banks of the old Pontchartrain».
Alt dette kjem frå det same tregrepsrepertoaret av angloskotskamerikansk blues og folkemusikk. Vamp treng ikkje ha høyrt gamle Hank eingong. Dei har fiska i same elva.