Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamps vakre og vidstrakte plan

Faksimilie Nationen 26/10-2012

Vamp gjer seg klare til å innta Vinter-Noreg i haust. Med på turné har dei også den kvinnelege forsterkinga Eivør Pálsdóttir, som dei forsikrar har blitt «ein av gutta».

Turnélivet har sine utfordrin- gar og Øyvind Staveland ler skjelmsk når vi spør om han sit nokre skikkelege gode turnéskrøner.

- Det er vel ikkje alt som eig- nar seg trykk. Men vi kan jo fortelja om dei to yngste mønstra for eit par år sidan.

Verken sonen Odin Staveland eller Paul Hansen var særleg vande til eit tett turnéprogram. Overgangen blei stor til Vamp, der dei gjerne spelar to konsertar ein kveld.

- Ein stad pakka Odin ned trommesettet etter først å ha rigga det opp. Etter ein liten pause toalettet trudde han vi skulle vidare.

Eldste blad Staveland held fram: - Også Paul var veg ut døra eit stad, ein time etter at vi hadde kome. stod han klar med kofferten og trudde vi måtte reisa til neste konsert.

Veteranane ler - men tonen er god, og gjengen er samde om at det skal bli godt å koma seg ut vegane med det nye materialet.

- Og den historia i Arendal, den blir mellom oss, blunkar bandmedlemmene - og vi forstår at enkelte løyndomar også folkekjære Vamp lov til å ha.

Lind og Færøyane
Det ferske albumet «Liten fuggel» ligg allereie an til å bli ein bestseljar, og har ikkje julegåvesalet kome i gang. Utgjevinga er ei storsatsing for selskapet Universal, og det nye materialet er produsert av Espen Lind. Vamp-gutta er fulle av godord om heile prosessen med «Liten fuggel».

- Eg lærte mykje av å samarbeida med Espen Lind. Han er særs proff og tok gode vurderingar heile vegen. Han er god til å lytta og fekk rett og slett fram det beste i oss, seier Øyvind Staveland. Innspelinga av albumet, som har fått eit visst livepreg, gjekk i stor grad for seg Færøyane.

- Som musikar er det fint å flytta litt seg, sjå andre landskap, meiner Staveland vidare.

- Sjølv om landskapet der liknar ganske mykje det vestlandske, vi følte oss heime, supplerer Carl Øyvind Apeland.

«Ein av gutta»
Studioet var ikkje tilfeldig valt. Med seg plate og turné har bandet nemleg kvinneforsterkinga si, færøyske Eivør Pálsdóttir.

- Ho har spelt i band sidan 15-årsalderen, så ho taklar veldig bra å vera «ein av gutta», seier Øyvind Staveland. Torbjørn Økland meiner ho fører inn ein sårt tiltrengt feminin balanse til bandet.

- Ho er ei søt, snill og flink jente, som det alltid er hyggjeleg å arbeida med, slår han fast. Og kjem på at det også knyter seg ei morosam turnéhistorie til henne. Han seier:

- For eit par år sidan spelte vi i Grieghallen. Eivør fekk sitja backstage å spela piano, og blei fråkopla all lyd og kontakt med omverda medan ho sat der. Det førte til at ho ikkje dukka opp på scenen då ho skulle, vi gløymde at ho ikkje var kopla til calling-systemet.

- Og då var det for seint. KORK hadde allereie dreg i gang og spelt innleiinga til låten eit par gonger. Odin tenkte hel- digvis kjapt og tok til å syngja. Det var jo hans låt, så han kunne han godt. Og inn frå sidelinja kom etter kvart Eivør - som om ingenting hadde skjedd. Det blei ein søt duett, og publikum merka ingenting, ler Økland.

Intense periodar
Den 31. oktober startar Vamp den lange turneen som i 2012 strekkjer seg fram til 8. desember med framføringar nesten kvar einaste dag. Salet til konsertane går det susar for bandet, som etter kvart har blitt for folkeeige å rekna. Dei held fram konsertane frå og med 13. februar 2013.

- Ein må jo vera i god form heile vegen. På den måten er det skummelt, seier Vamp-sjefen om utfordringane.

VERONICA KARLSEN , NPK
redaksjonen@nationen.no

Les artikkelen som pdf

Hva synes du om «Vamps vakre og vidstrakte plan»