Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Liten fuggel - stor konsert

Faksimilie Tysvær bygdeblad 22/11-2012

Det handlar om evna til å fornye seg, om kvalitet, og om å hente fram den litla perla som gjer ein konsert til noko heilt spesielt. Vamp kan og vil også i 2012.

Me har skrive og sagt mykje fint om Tysværtunet som konsertsal. Tysdag fekk me eit døme kor bra det kan vere. Strålande lys og eit fantastisk lydbilete. scenen Vamp, sprudlande, ettertenksame og betre enn nokon gong. For mange i salen var dette første gjensyn sidan suksessen med KORK i Tysvær Arena, og for eit gjensyn det blei.

Utruleg
Når ein har Vamp sin katalog å plukke songar frå er det lett å i fella. For i salen sat folk og venta akkurat sin favoritt. Nokre den siste storhiten «Liten fuggel » andre gamle klassikarar som «Månemannen» og «Tir Na Noir». Øyvind Staveland og hans menn og kvinne har vore ute ein hauststorm før og veit kva som til. Difor fekk me 21 songar frå «Juli» til «Liten Fuggel». Ein song frå kvar ende av suksesstida til bandet.

Og det er nesten utruleg å sjå spelgleda og dei musikalske ferdigheitene bandet har. For nokre av oss er halvannan time med Torbjørn Økland balsam for både sjel og skjorta. Det er gitarspel i verdsklasse. Denne gongen var det også funne meir plass til Carl Øyvind Apeland sin bass. Spesielt sin eigen «Ingeborg» var Apeland stor.

Øyvind og Odin Staveland er mange måtar «turboen» i Vamp-maskineriet. Begge hadde ein god dag jobb i Tysværtunet. Odin som stadig tar over meir av vokalen i bandet strålte om kapp med responsen frå salen og koste seg like mykje bak trommene og det gamle trøorgelet, som bak mikrofonen. Og det er viktig. For som sagt, Vamp har vore mykje ute og spelt og dei fleste har høyrt dei live både to og tre gonger før. Med Odin og Eivør Pálsdóttir har bandet fått nye stemmer, stemmer som fungerer og som blir godt tatt i mot.

Pálsdóttir fikk faktisk kveldens første skikkelige applaus ho song om systrene sine i «Elisabeth og Elinborg».

Hansen
I ein slik konsert blir det alltid litt smaken som baken når ein skal hente fram det aller beste. Me endar Paul Hansen og hans fantastiske versjon av «Kim du va» tidleg i konserten. For i alle vellyden, dei fantastiske prestasjonane og ljoshavet som omkransa oss, blir Hansen ståande igjen som prikken over i-en. Også eviggåande «Tir Na Noir» var Hansen skikkeleg . For det er ikkje muleg, sjølv etter alle desse platene og konsertsuksessane å styre utanom «Tir Na Noir».

sto me der tilslutt og tenkte ein stille tanke om at slik vil me ha meir av i Tysvær. Allreie til helga kan me velje enten Maria Mena eller Bjørn Eidsvåg. Konsertsalar som duger har me i alle fall.

«Så takk skal dokker ha Vamp, for alt det fina som dokker har laga».

Alf-Einar Kvalavåg

Les hele anmeldelsen hos

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Liten fuggel - stor konsert»