Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp spelte for fullt hus

Faksimilie Vikebladet 28/11-2012

Onsdag kveld spelte Haugesundbandet Vamp for eit utseld Sjøborg kulturhus i Ulsteinvik.

Det om lag 20 år gamle bandet Vamp opna konserten med blant anna den flotte songen “Liten fuggel” kor røysta til Odin Staveland klang vakkert i lydanlegget. Med “Liten fuggel” – som har vore spelt tallause gongar på radio og TV og blitt seld til dobbel platinum – spelte Vamp vekk den kalde vinterkulda i Ulsteinvik.

Også bandet sin frontfigur Øyvind Staveland nytta høve til å gratulere Hødd og Hødd-fansen med sigeren over Tromsø sundag.

Hødd slo jo Haugesund heimebane. Vi er glad for at det var akkurat Hødd som slo oss, slår haugesundingen Staveland fast, før han fyrer laust fela si.

Ess i ermet

Vamp gjekk ikkje åleine scenekanten i Ulsteinvik i kveld. Med seg hadde dei den fantastiske artisten Eivør Palsdottir frå Færøyane, som spelte og song vakker både som solo og saman med bandet. Både Palsdottir og Vamp fekk stormande applausar frå publikum.

Mange ville oppleve Vamp

Og at Vamp er eit av Noregs mest populære band, er billettsalet eit godt prov . For alle dei 468 sitjeplassane i kultursalen Sjøborg blei seld ut ganske raskt.

I korridorane gledde folk seg til å høyre siste nytt frå bandet, som nyleg kom ut med det nye albumet “Liten fuggel”. Albumet er deira niande studioalbum (13. utgivinga samanlagt) kor den nordnorske artisten Espen Lind har stått for produksjonen.

Fem Spellemann-prisar

Inne i salen kunne publikum lett drøyme seg vekk i dei kjærnorske tekstane og stemninga som vart omfamna av musikken. At Vamp veit å setje fyr ei kald Vestlandsbygd, rår det ikkje tvil om.

Konserten er ein del Vamp sin noregsturné som byrja 31. oktober, og som skal til midten av desember. Bandet har mellom anna sikra seg fem Spellemann-prisar, samd fleire viktige prisar og heidersbesyningar

Musikarane i Vamp er Øyvind Staveland, Odin Staveland, Torbjørn Økland, Carl Øyvind Apeland, Paul Hansen, Torstein Lofthus og Eivør Palsdottir

Les hele anmeldelsen hos Vikebladet

Hva synes du om «Vamp spelte for fullt hus»