Takkar ein fugl for suksessen

Veteranane i Vamp er meir populære enn aldri før. Det takkar bandleiar Øyvind Staveland ein liten fugl for.
- Me Har vore bortskjemde i nokre år med godt besøk på konsertane, men det har skjedd noko no. Eg trur me må gi skulda til ein liten fugl, seier fele- og fløytemannen Øyvind Staveland i haugesundsbandet.
«Liten Fuggel» har nemleg herja norske radioar i haust. Låtskrivar Staveland kallar songen ein presang.
– Eg har aldri klart å dyrka fram ein slik låt. Men av og til får du ein slik presang som kjem fort til deg, og som når mange. Det er nesten som han berre har gått gjennom meg og ut til folk. Han har treft publikum på ein måte som gjer at mange har kjøpt CD-en.
At mange har kjøpt CD-en, har han rett i. Plata med same namn som radiohiten har selt godt over hundre tusen fysiske eksemplar – langt meir enn noko anna studioalbum frå haugesundarane.
– Og dette er i såkalla nedgangstider for CD-en. Eit fysisk produkt gjer at du kjem nærare artisten du er interessert i. Eg trur CD-en har ei lengre levetid enn ein hadde spådd – me er eit bevis på det.
– Kor lenge trur du CD-formatet vil leva?
– Eg har ikkje god nok greie på dette til å spå om det, men eg er heilt sikker på at det vil vara i ein del år til, seier Vamp-generalen.
På plata har bandet nytta Espen Lind til produsent – ein mann som ikkje er ukjent med radiohits.
– Ein produsent skal først og fremst passa på innspelinga, og få oss til å fornya oss på nokre område. Han har fått oss til å gjera nokre ting me kanskje ikkje ville ha gjort utan han. Reinska opp litt, gitt det meir luft, meir kraft på nokre låtar. Og så har han vore flink til å få vekk overflødig mas på enkelte låtar.
For like over tjue år sidan var Staveland feiar i Haugesund då han bestemte seg for å samla ein gjeng til å starta bandet. Sidan den tid har Vamp vore gjennom fleire utskiftingar – særleg på vokalistfronten. Paul Hansen er siste skot på stamma.
Å fornya seg har vore viktig for bandet.
– Først og fremst har det vore viktig for oss sjølv – for å ha gleda ved å oppdaga ting. Publikum kan ein ikkje ta omsyn til – der har du nokon som vil ha det akkurat som før, og nokon som gjerne skulle sett at det skjedde noko. Me kan høyra på dei, men ikkje la dei bli rettleiande. Ein skal all- tid kunna utfordra både seg sjølv og publi- kum litt. Samtidig laga me dei første pla- tene fordi me synest det var flott. Ein prøver på ein måte å gjera begge deler.
– Så Vamp-essensen skal bestå?
– Eg trur ikkje me kjem unna han. Instrumenta består, og hovudinstrumentet vårt er dialekten. I tillegg er me oppteken av tekst, der me har fått masse draghjelp frå diktaren Kolbein Falkeid, seier Staveland.