Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Absolutt musikalsk Vamp

Faksimilie Bømlonytt 16/3-2013

Mellom 450 og 500 hadde løyst billet for å få med seg ei unik Vamp-oppleving

Eit absolutt klart orkester starta presis klokka 19.00 i Bømlohallen torsdag kveld. Nok til å gje publikum den ekta kjensla av å vera i gang. Vamp leverte. Sjølvsagt gjorde dei det. Dei er jo ikkje amatørar akkurat.

Studie i instrumentbruk
Her var det musikk – non stop. Øyvind Staveland tok seg tid til å presentere orkestermedlemmane, vidt. Elles mistenkjer me han for å kommunisere best gjennom musikk – med eit eller anna instrument. Og instrument var det. Dei strengeinstrumenta dei ikkje har med seg i Vamp er  vel knapt brukande. ser me sjølvsagt bort frå harpa. Fire batteri med gitarar, blandar me inn mandolin, banjo og alt som liknar, eitt med feler, to med trommer, ein kontrabass, tre- fire -fem trekkspel, fløyter, messing og munnspel. Har sikkert gløymt noko. Slikt kan det jo bli musikk   av. Og det veit me jo at det blir.

Stor musikalsk kapasitet
Ikkje til å undrast over at ein og annan let seg imponere. Publikum applauderte både mellom «slaga» og midt inni. Øyvind Staveland tok runden i orkestret med fela si. Duett med trommisen Torstein Lofthus, duett med munnspelet til Torbjørn Økland, duett med kvar og ein etter tur, rundt heile scena. Klappsalvane kom spontant «Månemannen» kom inn i sin sluttfase.  For «Månemannen» var det. Me fekk også nyta «Tir n’a Noir». Halvannan strak time – non stop. Her var korkje tid eller lyst til ’talkshow’. Ingen sakna det heller.

Liten fuggel
Me fekk vidt høyra publikum sine refleksjonar etter konserten. Marius Mæland var med mor og far denne kvelden. Dei fekk billettane allereie til jul, og har verkeleg fått gledd seg lenge.

Eg trudde dei ville hoppa over «Liten Fuggel», seier unge Mæland. Dei lurte oss litt der. «Liten Fuggel» kom fyrst etter ein solid avsluttande ståande applaus. Etter den vart det ikkje mindre applaus. «Liten Fuggel» var ein av låtane Marius og familien gledde seg ekstra til. Sidan dei  opplevde eit dødsfall nett den tida plata kom ut, har «Liten Fuggel» ein ekstra klang der i heimen.

Vil spela banjo
Bernt Stavland går ikkje mest konsert, denne måtte i alle fall han ha med seg. Det er jo slekta også, smiler han. Men «Månemannen» var ikkje heilt som originalen i kveld, slår han fast. Bernt Stavland likar både musikken og tekstane til Vamp. Bjørnar Alvsvåg Folgerø skal no læra seg å spela banjo, fortel han

– Du får kanskje plass i bandet etter kvart , foreslår me.

Nei, god vert eg ikkje i heile mitt liv, kommenterer Folgerø, som er ein hauggamal ungdom 23. Han let seg imponere av Vamp. Instrumenttrakteringa deira. Musikarane, tekstane og sjølvsagt musikken.

Dette var ei flott oppleving, slår han fast.

Bn: Mariann Gerdsdotter Sagvåg

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Absolutt musikalsk Vamp»