Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp tilbake i gamal drakt

Faksimilie NRK 18.5-2013

Vamp har klart å lokka med seg sin første vokalist på turne. Dermed kan ein i haust oppleva songar som «Tir n'a Noir» og «13 Humler» med orginalrøysta.

Det er som å vera tilbake frå start av, og det er nesten ikkje nødvendig å øva, seier Øyvind Staveland, som er svært glad for å ha med seg den gamle vokalisten turne i haust.

Det var i 1998 Vamp-vokalist Jan Ingvar Toft hadde fått nok, og sa opp direkten i ei lokal radiosending, utan at nokon i bandet hadde fått beskjed i førevegen.

Han hadde vore med fem album med visegruppa sidan 1993, og har seinare fortalt at han mista lysten å laga musikk.

20 år sidan første plate

Haugesundsbandet heldt fram med ny vokalist, og har jamleg gitt ut plater fram til «Liten fuggel», som kom ut i fjor, der det mellom anna er Odin Staveland som syng.

Frå Toft var det i desse åra rolegare musikksida, fram til for to år sidan, han kom ut med soloalbumet «Alle e aleina».

 

Og har altså Vamp klart å han med seg haustturne:

– Me skal markera 20-års jubileet til gruppa med ei samleplate som heiter «To med alt». Tidlegare har me gitt ut ei som heiter «Ei med alt», der Toft er hovudvokalist, fortel Staveland.

Skal ta seg ein pause

Det blir mellom 40 og 50 konsertar der stemma bak songar som «Tir n'a Noir», «13 Humler», «Hallo, Adjø» og «Sitte Å Tenke».

Mange håper nok at det kan bli meir enn dette konsertsamarbeidet, men Staveland vil ikkje lova noko.

– Me har i alle fall ikkje planlagt meir enn å jobba ut året, og skal me ta oss ein solid pause, slår han fast.

Første konsert i den nye turneen skal spelast i Haugesund Maritim Hall i oktober. NRK har ikkje lukkast med å koma i kontakt med Jan Ingvar Toft sjølv om turneen.

Les hele artikkelen hos NRK

Les artikkelen som pdf

Hva synes du om «Vamp tilbake i gamal drakt»