Vamp sette publikumsrekord
Aldri før har det vore samla så mange menneske i uteamfiet i Aasen-tunet, som då Vamp heldt konsert laurdag.
900-1.000 menneske samla seg i og rundt uteamfiet for å få med seg Haugesundsbandet. Og dei innfridde, både på scena og musikalsk. Slagerane stod i kø, og folk song med til dei kjende «Tir n’a noir», «Månemannen» og «Liten fuggel». Sistnemnde var eit kjærkome ekstranummer.
Stor fan
VenninneneYvonne Rønning, Bodil Longva og Nina Bjerkås er fulle av lovord etter konserten.
–Ein bra og fengjande konsert, seier dei.
–Vi varma opp medVampfør vi kom også, røper dei.
Nina Bjerkås er stor fan, og høyrer mykje på dei elles også. Blant favorittane er Tir n’a noir og Liten fuggel, og ho er glad for å få ha høyrt begge live iAasen-tunet.
–Dei er gode på å skape liv, og vi vart heilt rivne med, fortel Bodil Longva. Ho tok turen frå Ålesund for å besøke venninnene og få med segVamp-konserten.
Den berømte knotten som ofte plagar publikum i uteamfiet merka dei lite til.
– Heldigvis. Men vi er erfarne konsertgjengarar så vi er godt smurt inn med myggolje. Dette var veldig, veldig bra, seier dei nøgde.