Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Folkrocka seg til publikumsrekord

Faksimilie Hallingdølen 27.7-2013

Det vart fullt trøkk då Vamp gjekk på scenen på Fauskivalen. Då hadde publikum alt vorte varma godt opp av både Kjetil Lilleaas og Hekla Stålstrenga.

– Me er kjempefornøgde. Det var fullt hus alle arrangement, og banketten om laurdagskvelden. Eg trur me nådde publikumsrekord med ein stad mellom 1200–1300 personar under konserten laurdag, seier ein fornøgd fauskivalgeneral Knut Fausko. Hemsedølen ser at det framleis er plass til eit par hundre til ute i amfi et.

Fullt trøkk
Folk koste seg i fi nvêret og det var fullt trøkk med både blues og folkrock. Under banketten var det fl eire av artistane som underheldt. Kjetil Lilleaas kom endå tettare publikum, og leverte saftige gode låtar.

Finalen festen stod Magnar Bergo og Bergos Berme for dei spelte opp til dans.

– Me lykkast tvert igjennom med heile Fauskivalen, og hadde stor oppslutning. Stein Torleif Bjella spelte låven fredagskvelden, og han hadde verkeleg publikum i si hule hand, fortel Fausko. No står neste års program for tur. Det er Fausko alt i gang med å planlegge.

– Men kven som kjem til neste år, er hemmeleg enno, ler han.

Rocka med fele
Hekla Stålstrenga fekk verkeleg opp stemninga dei gjekk scena og sette i gang med sin folkerock. Her var fela ein viktig del av musikken, og Ragnhild Furebotten kunne verkeleg traktere den. Dei spelte songar frå både albumet Hekla Stålstrenga, Makramè og det nye albumet Dyrandé, som kjem i september. Dei avslutta sin konsert med den fi ne og djupe låten Har Du Fyr.

Siste band scena var Vamp. Dei kjende og kjære låtane deira kom som perler ei snor. Me fekk 13 humler, Tir n’a Noir, Ingeborg og mange fleire.

Publikum vart rivne med av stemninga karane klarte å skape scena. dei spelte Månenmannen, måtte fl eire ned dansegolvet. klarte dei ikkje halde seg lenger. Bandet gjekk av scena etter denne låten, men etter at publikum ropte om meir, kom dei att og spelte Liten Fuggel som siste song. stod det mange framom scena og song med. Det var ein fl ott avslutning ei rekke med fine konsertar.

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Folkrocka seg til publikumsrekord»