Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Kom til Voss med energi

Faksimilie Hordaland 19.11-2013

Gamle og nye Vampmedlemer gav energi til kvarandre og publikum under konserten på laurdag.

– Me har vore fans lenge, og har alle CD-ane. Men dette er fyrste gongen me er på konsert med Vamp, seier Ingunn Karin Mjelde og Jan Greve.

Dei har teke vegen frå Osterøy til Voss for å få med seg Vamp. Konserten på Osterøy vart utselt før dei fekk kjøpt billettar. No er det berre nokre minutt til dei skal få oppleva Vamp live for fyrste gong.

– Det er kanskje dumt å ha så høge forventningar. Me kan jo verta skuffa, seier Greve.

LEIKNE. Ingunn Karin håpar å få høyra både gamle og nye hits. Aller best likar ho «Liten fuggel», «Tir n’a Noir» og «Månemannen ».

– Dei syng om ting som grip deg i hjarta. Dei set ord på så mykje som me føler at me har opplevd opp gjennom åra, seier ho.

Ingunn Karin Mjelde må venta ei stund på favorittane sine. Men det er vel liten tvil om at desse tre låtane må koma. Tre låter som er gitt ut med vel ti års mellomrom, men som det er tydeleg at mange ventar på. For når desse låtane kjem på slutten av konserten, det er då det vert klart at det ikkje berre er på scena energien er høg.

Det er tydeleg at Vamp morar seg på turné. Dei er avslappa og leikne på scena, og leverer både mjuke balladar som «Kim du nå va?» og rocka «Månemannen» med same overbevisning og innleving. Så har dei då også lang erfaring, og eit vell av godt innarbeidde låtar frå 13 album å velja mellom.

20 ÅR. Det er i samband med 20-årsjubileet sitt at bandet er på turné i desse dagar. Difor har dei òg fått med seg tidlegare vokalist Jan Toft.

– Dei er fantastiske personar på scenA. Terningkast seks! seier Ingunn Karin Mjelde og Jan Greve etter konserten.

Dei høge forventningane vart innfridde. Og vel så det.

Det vart dei òg hjå resten av publikum, skal me tru stemninga når folk forlét salen nynnande på «Liten fuggel». Og framleis var laurdagskvelden ung.

laila borge | tekst og foto lb@avisa-hordaland.no

Se bilder fra konserten

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Kom til Voss med energi»