Ekstatisk med Vamp
Når Vamp legg ut på jubileumsturné er det ingenting som er lagt til tilfeldighetane. Det fekk også publikum i Ølen erfara.
Frå det augeblikket Vamp entrar scenen blir stemninga i rommet ekstatisk. All kviskring døyr ut og det er berre bandet som er i fokus.
Vamp tok scenen med storm i Ølen kulturhus sundag kveld. På få augneblink fekk publikum så mange godbitar at kvar og ein sat med bakoversveis. Vamp gjorde det dei kan best: speler bra musikk.
Jubileumsturne
På jubileumsturneen er besetninga bygd på sju musikarar. Torbjørn Økland (gitar), Øyvind Staveland (fiolin, bratsj og fløyter) og Calle Apeland (bass). Dei, som har vore grunntrioen i bandet sidan starten, har nå med seg Odin Staveland på keyboard, trommer og vokal, og Paul Hansen på gitar og vokal.
I tillegg til dei faste medlemane i bandet har dei for høvet med seg sin aller første vokalist, Jan Ingvar Toft og trommeslager Torstein Lofthus. Jan Ingvar Toft var fast vokalist i Vamp frå starten i 1991 til 1998, og har skrive nokre av Vamps mest kjente songar.
Toft har ei kraft i stemma si som alle kan kjenne seg igjen i. Han følgjer ingen tradisjonell stil, men syng sin eigen stil. Som han seier i songen Det er derfor er eg synge; «grunnen til at eg syng som eg gjer er fordi at det er eg som sitter her og synger den». Noko me alle kunne læra av.
Ein heilt eigen sound
Vamp har ein heilt særeigen sound som få i Norge kan konkurrera med. Musikken er inspirert av irsk folkemusikk, saman med dei flotte og djupe norske tekstane skapar dei ein flott syntese av småmelankolsk undertrykt glede. Det å ha så djup og tankevekkande musikk i tillegg til å vera så folkelige, er rein og skjær kunst. Det er dette som gjer Vamp til det dei er. Ei lita gruppe som formidlar og speler på tankane til oss alle.
Å sette Vamp i ein bås er ei vanskelig oppgåve. Fleire har prøvd, med ord som viseinspirertfolkrock med ein del singer/ songwriter trekk. Dette blir etter mange si meining feil. Vamp skal ikkje verte sett i ein bås, dei skal nytast og takast for det dei er. Ein gjeng med veldig flinke musikarar som saman skapar utrulig fin musikk.
Folkelig og lett fordøyelig
Ole Jørgen Albertsen (18 ) er ein av dei yngre vamptilhengarane. Han har vore på fleire konsertar tidlegare, men det som gir best minne er når Vamp var på turné med KORK, kringkastingsorkesteret.
— Musikken er så utruleg vakker frå før, og blanda med det klassiske uttrykket frå Kork så kan det ikkje slå feil, seier 18-åringen.
— Kva er det som appellerer til deg med Vamp?
— Musikken er veldig folkelig og lett fordøyelig. Det gjer at den blir lettare å høyra på og drar meg inn i min eigen litle draumeverden. Det er noko av det som gjer at eg liker musikken.
Når det kjem til denne konsertopplevinga så kan ein sameinast om ein ting: dei trykka på og fekk publikum med frå start. Det var aldri noko nøling.
— Eg var spesielt fornøyd med Odin Staveland. Han har ein ufattelig flott stemme og er med på å løfta bandet til nye høgder. Favorittlåta mi er «Tvangstankar». Den er skriven av Odin og er ein slik song som ein berre må høyre for å forstå, den kan ikkje forklarast, konkluderer Albertsen.
Haugesunds store stolthet
Vamp sluttar aldri å overraske, men nedturen kjem når bandet tar imot applaus og forlèt scenen. Kva er det som skjer? Enda har dei ikkje spelt «Liten fuggel» eller «Tir’nanoir», men likevel skal det allereie ta slutt? Ingen fare, etter massiv, ståande applaus kjem bandet inn igjen og spelar nettopp desse to songane, før dei tar farvel for siste gong.
Vamp har fullført ein konsert slik dei alltid gjer. Etter ein vel fullført konsert er det berre å seie, som så mange gonger før: Takk, til Haugesunds store stolthet.