Eit Tir n´a Noir på Hosanger
Smektande balladar, fengande rytmar, og ein god dose rein, skjer musikkunst. Det er Vamp i eit nøtteskal.
Det e svart november...”. Men det merka ikkje dei vel 300 personane som hadde vore så heldige å få tak i billett til søndagens kyrkjekonsert på Hosanger. I løpet av eit par kveldstimar fekk publikumarane servert ei musikkoppleving av dimensjonar.
I køen utanfor før konserten sansar ein forventninga, og trass i kulda er her berre smilande, spente ansikt å sjå. Ein av dei yngste, fjortenåringen Jacob Johan Birkeland Solberg er ekstra barsk, og har lagt jakka igjen i bilen.
— No ser eg ut som ei dårleg mor. Du kan få låna mamma si kåpe, tilbyr mor hans, June Birkeland.
Unge Solberg takkar nei.
— Har mora di lokka deg med seg?
— Nei, eg likar musikken.
— Ein lokkar ikkje med seg nokon når billetten kostar 400 kroner, skyt mor hans inn.
— Kva er det som er så bra med Vamp sin musikk?
— Han er fin.
— Og så har dei så fine tekstar, kviskrar ein sufflør bak han i køen, før samtalen dreier inn på arrangørane si innsats.
Det er mykje, og velfortent skryt dei får. Det er ikkje kvar dag ein kan nyta konsertar med slike profilerte grupper som Vamp i små bygder som Hosanger.
Gruppa frå Haugesund er nok godt kjend for dei aller fleste. Sjølve kjerna består av Øyvind Staveland, Torbjørn Økland og Carl Øyvind Apeland. Desse var tre av dei fem som starta bandet i 1991. Dei siste åra har ôg Paul Hansen, og Staveland sin son, Odin, vore fullverdige medlemmer av gruppa. Sistnemnde har og bidradd som komponist og tekstforfattar på fleire av songane dei framfører. Med seg på scena på denne seks veker lange turnéen har dei ôg trommeslagar Thorstein Lofthus frå Øystese, og Jan Ingvar Toft, originalvokalisten frå Vamp sine sju første år.
Den særeigne stemma frå deira tidlegaste utgjevingar er igjen med på turné, og det bustete håret og det kreative fotarbeidet til Toft, er nok eit kjærkome syn for publikum. Så er det ôg han som opnar ”ballet” med den forholdsvis rolege ”De e derfor eg synge”, kjapt etterfølgd av den drivande ”Ta meg med”. Og publikum let seg ikkje be to gonger. Vamp hadde ei fullstappa kyrkje i si hule hand allereie frå første strofe.
I første halvdel av konserten kunne dei frammøtte nyta fleire av Vamp sine eldste komposisjonar, med rolege låtar som ”God morgen, søster”, ”Lindehålsmaen” og ”Savonarola”.
Som Øyvind Staveland sjølv sa:
—Å opptre her i kyrkja gjev oss sjansen til å spela songar som vi vanlegvis ikkje framfører så ofte.
Så kjem ”Sitte å tenke”. Med tempoet i denne blir det og fart i lysshowet, og resten av konserten er ikkje publikum ”nedpå”. Det er som om heile kyrkjerommet sitrar av energi, entusiasme og musikkglede. Det eksploderer i fargar og dundrar i høgtalarar så ein blir heilt fjetra av musikk og lys, og i midten, bak alt dette, skimtar ein altertavla.
På ”Månemannen” får vi nyta den musikalske ”kampen” mellom Staveland senior og junior, far Øyvind på fiolin og son Odin på trommer. Det imponerande samspelet er ein fryd for både auge og øyre. Men plutseleg går alle musikarane, bortsett frå Odin Staveland, frå «scena”, og på meisterleg vis roar han åleine ned ”kyrkjefolket” med den stemningsfulle ”Denne uro”. Vamp rundar av kvelden med ”Tir n´a Noir” og ”Liten fuggel” til trampeklapp frå eit publikum i ekstase. Om ikkje kyrkjetaket allereie hadde vore så høgt, så hadde det letta.
—Dette var langt over forventningane. Dei er heilt fantastiske. Så vakkert, godt fletta saman, og nesten litt mystisk, er nokre av superlativa frå publikumarane Magnhild Tysse og Britt Lillefosse på første rad.
Lillefosse meiner at ho har vore på konsert med Vamp ein stad mellom 30 og 40 gonger.
— Men det er jo ekstra stas å høyra dei her heime, påpeikar ho.
Også for musikarane sjølve har kvelden vore særs vellukka.
— Dette har vore eitt av høgdepunkta på turnéen vår, betrur frontfigur Øyvind Staveland etter konserten.
Han står og pakkar utstyr i eit virvar av leidningar og instrument. Det er ikkje lite remediar som er med når Vamp tråklar seg rundt mellom bygder og byar i vårt langstrakte land.
— Vi snakka nett om det på bakrommet her. At det var ein ”utrulige flotte” stemning i kveld. Eit flott og varmt publikum, og kyrkja er så «liten og vennlige i heila sitt uttrykk”. Skal eg vera heilt ærleg, så føretrekkjer eg dei minste konsertlokala, seier han på syngjande haugesundsdialekt.
—Ein kjem tettare på folk, og deler konserten med publikum på ein heilt annan måte.
Publikum har trekt seg ut og heim, men kyrkja yrer framleis av liv. Musikarar, lyd- og lysmenn, og alle dei som det står ”vakt” på, myldrar rundt og ber på kyrkjebenkar og miksepultar. Jan Roald Myking er leiar i soknerådet. No smiler han frå øyre til øyre.
—Korleis klarte de å lokka ei så profilert gruppe som Vamp til Hosanger, når det ligg så avsides til?
—Avsides? Eg trudde vi var verdas navle, spøkjer Myking, men legg til at gode forhandlingsevner kom godt med.
—Og det hjelpte jo ôg på at vi fleire gonger tidlegare har arrangert konsertar med kjende musikarar.
Soknerådsleiaren fortel at dei er opptatt av å skapa breidde på tilbodet dei har i kyrkja, og at god musikk bidrar til dette.
—Ved å arrangera konsertar kan ôg dei som ikkje er her så ofte få ei god oppleving i kyrkjerommet. Det er stikkordet vårt det; å skapa gode opplevingar.
Og det har dei absolutt klart. Endå ein gong. Men det blir ikkje lett å toppa dette.