Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

- Ein fantastisk konsert

Faksimilie Fjordenes tidende 29.11-2013

Britt Småvik og Arve Per Kvalheim frå Måløy var to av 500 som fekk ei fantastisk jubileumsførestilling med Vamp i Samfunnshallen denne veka.

– Dette var heilt fantastisk. Tenk å vere så levande og bra etter 20 år i norsk popbransje.

Det sa Britt Småvik etter at ho og alle dei andre i salen hadde stått og trampeklappa fram to ekstranummer av Vamp.

Ho har alltid likt Vamp og låtane deira, og tykte det var stas å oppleve dei live.

Og det var vel ikkje heilt tilfeldig at ekstranummera vart to av dei største hitane til gruppa, Tir n’a Noir og Liten fuggel.

Og dei kom sjølvsagt etter ein svingande versjon av Månemann.

Det var ein flott konsert der det svinga mellom nye og eldre slagerar.

Det var fantastisk god lyd. Lyseffektane som vart brukt saman med svært så levande artistar, bidrog til å lage ei veldig god ramme rundt melodiane.

Alle vi snakka med etter konserten var begeistra.

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «- Ein fantastisk konsert»