Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Ein saga frå vest

Faksimilie dusken.no 1.12-2013

Vampete vestlendingar imponerte på Svartlamon.

Året var 1993. Innimellom krigsnyhender frå Bosnia og førebuingar til vinter OL såg ei musikkperle dagens ljos. Me kjenner den som Godmorgen Søster, debutalbumet til Haugesundsbandet Vamp, og starten på eit sant eventyr. Eventyret er ikkje slutt enda, og i år feirer dei heile 20 år som plateartistar. Åra har vore fruktbare. Med ei lang rekkje solide album i ryggen held Vamp koken. Det overbeviste dei også om på Verkstedhallen laurdagskveld.

Nye og gamle medlem
Bandet har gjennomgått ein del utskiftingar gjennom tidene. To ulike vokalistar fekk prøve seg i perioden 1993-2007. I desember 2007 blei ei real ansiktsløfting presentert i form av to nye, unge medlem. Desse er Paul Hansen og Odin Staveland. På den sista plata, Liten Fuggel, som kom ut i oktober i fjor, delar fleire i bandet på oppgåva som vokalist. Det blir gjort med glans og me får glede av både den rustne stemma til bandleiar Øyvind Staveland og falsetten til sonen Odin.

Denne hausten er dedikert til ein jubileumsturnè og med seg har dei ingen andre enn bandets fyrste vokalist, Jan Ingvar Toft. Han opna konserten med «Det e derfor eg synge» frå debutalbumet. Den gode stemninga var på plass frå fyrste tone.

Framandfrykt
Eldre og nye låter kom i ei herleg blanding og som perler på snor. Tempoet tok seg opp med sjette låt ut, «Brista eller bera» frå det andre albumet deira, Horisonter. Her byrja felestrengene til Øyvind Staveland å rakne, akkurat slik det skal vere på Vampkonsert og til stor jubel frå publikum.

Etter vakre og nyinnspelte «Sommernatt ved fjorden» var det duka for den mystiske «Lindehålsma’en». Ei låt som omhandlar framandfrykt, kunne Øyvind Staveland fortelje. Låta byggjer på ei sann historie frå ei bygd utanfor Haugesund der det gjekk gjetord om ein gammal kall som brukte ungane som teinemat, men verken han eller dei fleste andre ting er farlege berre ein går nærare og blir kjend med det. Eit brennheit tema og ein fornuftig lærdom for dagen. Låta sette eit trollsk grep om oss og blir fulgt opp av ein forrykande god overgang til «Sitte å tenke». Begge låtene frå albumet 13 humler, den siste med ei rå fele i botn.

Unik gitarist
«Hallo - Adjø» var eit av høgdepunkta denne kvelden der gitarist Torbjørn Mykland fekk vist kva han er god for, og det er mykje. Dersom David Gilmour og Jimi Hendrix skulle fått barn ville denne mannen blitt resultatet. Han kan spele gitar og er diverre ein anonym skatt i den norske musikk-kista som me så gjerne skulle høyrt mykje meir av.

Saman med resten av bandet gav han alt denne kvelden. Her var sveitteringar under alle armholer, felestrenger og bukseseler i vilden sky, føter på keyboardet og tenna i tapeten. Publikum fekk i pose og sekk og kvart sekund var ei lita førjulsgåve.

Dei avslutta med to låter utgitt med 19 års mellomrom. Den eine var sjølvsagt «Tir n’a Noir», til høg allsangfaktor. Den andre var «Liten Fuggel» som på kort tid har vakse til å bli ei kjend og kjær Vamplåt. Slik blei eit begeistra og svært nøgd publikum sendt ut i den våte vestlandsliknande Trondheimskvelden etter ei fantastisk konsertoppleving.

Les hele anmeldelsen hos dusken.no

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Ein saga frå vest»