Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Ekstranummer vekte publikum

Faksimilie Sogn avis 4.12-2013

Etter ein god time med introvert musikkglede, vakna publi- kum etter avslutningsnummeret. Ståande applaus og trampeklapp fekk lokka ringrevane tilbake på scena. Då først tok det verkeleg av.

Jubileum
Vamp er for tida ute på ein omfattande jubileumsturné.

Tjue år har gått sidan dei gav ut sitt første album «Godmorgen søster». Sidan har gruppa vorte ein av Noregs mestseljande artistar.

Vamp sitt konsertprogram denne hausten er imponerande lesnad. Spesielt november har vore travel med 32 konsertar.

Konserten i Kulturhuset var den tredje i Sogndal på under eitt år. Likevel var alle billettane rivne vekk på førehand, noko som vitnar om gruppa si popularitet også her i regionen.

Tung start
Men sjølv om publikum nok koste seg, skulle det ta tid haugesundarane verkeleg fekk opp temperaturen i salen.

Før kveldens siste låt takka vampnestor Øyvind Staveland for konserten på ein måte som både kunne tolkast som eit lite stikk til publikum, eller berre oppriktig takksemd.

– Me byrjar å nærma oss slutten på konserten. Eg har lyst til å takka dykk for at de sat så stille som de gjorde, sa Staveland, og trekte pusten medan ein nervøs latter spreidde seg i salen.

– Og takk for at de klappa så mykje som de gjorde, la han til, liksom for å understreka at det var positivt meint.

Ståande applaus
Men derfrå og ut fekk vampane med seg publikum i stigande konsertrus, etter kvart som dei kjende slagerane vart rulla ut.

Då dei første tonane frå «Tirna noir» breidde seg utover salen, gjekk det eit sukk gjennom publikum.

Då «Liten fuggel», ein song som allereie har rukke å verta ein moderne klassikar, fekk æra av å avslutta konserten, var kvelden komplett.

Vamp fekk gå av scena til trampeklapp og ståande applaus.

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Ekstranummer vekte publikum»