Bursdagsfeiring og nytt mannskap
Det var ein flott Vamp-konsert i Hallingdal Feriepark – med meir enn berre slagerane.
Trass låge temperaturar sat fleire hundre tilskodarar i Hallingdal Feriepark med lyttande øyre i det Staveland & co. entra scena. Dei har ein hektisk vår og sommar med turnering over heile landet, men heldigvis rakk det folkekjære bandet innom Ål før turen gjekk vidare til Sandane.
Både gamalt og nytt
Med Staveland på scena stod Vamp sin fyrste vokalist Jan Ingvar Toft. Han er tilbake etter over 15 år borte frå bandet. I tillegg var bandet fornya med gitarist Bjørn Berge og bassist Kjetil Dallan. Det var lett og sjå at Staveland likte at Toft var tilbake, han mimra om gamle songar og historier dei har opplevd i lag. Men også ein heil del nytt materiale, blant anna songen Elmer – skrive til Staveland sitt barnebarn.
Bursdag
– I dag er ein spesiell dag. I dag har Lars Erik på keyboard bursdag, fortel Toft frå scenekanten. Han får med seg publikum og saman syng dei ein bursdagssong.
– Og det kjem endå ein liten song til deg, smiler Toft og syng ein sjølvskriven song om kor flau Lars Erik blir av Toft sine moves. Publikum humrar.
Vamp-konserten i ferieparken var flott, og ein konsert med meir enn berre dei kjente slagerane. Til slutt klinka dei likevel til med «Månemannen», «Liten Fuggel » – og når «Tir n’a Noir» vart spelt opna skyene seg sakte og inn strøymde ei svak stråle sollys.