Koste seg med Vamp

Fredag var det duka for utekonsert med Vamp utanfor House of Blues. Etter ein nokså våt sommar viste vêrgudane seg frå si beste side med strålande sol og 25 grader for dei 650 små og store som møtte opp.
Konserten som avsluttar sommaren på House of Blues er eit familiearrangement og her var born heilt nede i 3 år med hørselsvern klare for konsert.
— Gutane syntes det var kjekt å gå på konsert. Det er fyrste gongen at dei har vore på Vamp konsert. For oss var det bra at me fekk ta ungane med. Me hadde ikkje hatt moglegheit å gå utan fortel Monica Aarland. Saman med sambuaren Einar Arefjord hadde ho med seg sønene Eliam på 6 år og Marcus som snart fyller 9 år. Gutane hadde begge øyreproppar og dei hadde stilt seg opp ved døra inn til House of Blues som var om lag midt i folkemengda.
Det var knytt spenning til Vamp som denne gongen stilte med fleire nye på scena. Men etter konserten hagla lovorda. Mange meinte at gitarist Bjørn Berge heva Vamp til eit nytt nivå med si energiske framføring. Også Odin Staveland gjorde stor suksess og smelta mange hjarter då han under ekstra nummeret «Liten Fuggel» valde å gå ned til publikum og sette seg på armlenet til Magne Berge og let 20-åringen syngja saman med han.
— Det vart ein kjempekveld med 650 publikumarar på bryggekanten. Vamp skraut veldig så me er svært nøgde fortel Alf Warloe Christophersen etter arrangementet.