Vamp spelte for 822

Dei 822 som benka seg i Moster Amfi for å oppleve Vamp laurdag kveld, koste seg i regnet. Bandet leverte ein glitrande konsert.
Vamp frå Haugesund er eitt av dei mest populære banda i Noreg. Bandet har eksistert i snart 25 år med ulike besetningar, og har fem Spelemannsprisar på samvitet. Platene deira har selt til gull, platina, dobbelt platina og til og med trippel platina. Over ein million selde album seier sitt om suksessen bandet har hatt.
Overbeviste
Laurdag heldt Vamp sin første konsert i Moster Amfi. Jan Toft er tilbake som vokalist, og Bjørn Berge har vore gitarist i bandet sidan i han takka ja til å bli med i fjor haust. Kjetil Dalland frå Tysnes er no bassist i bandet, medan Odin Staveland og Øyvind Staveland er med som før. Saman leverte dei varene, det vil seie nær 20 låtar, i regnet på Moster. Det vart ei herleg og overbevisande blanding av både gammalt og nytt frå den rikhaldige katalogen til Vamp.
Inspirert av Sivertsen
Toft song mellom anna ein ny og fin song som han har skrive til barnebarnet sitt, Elmer. Han hadde også skrive ein heilt fersk song om det å barbere seg, og som han sa var inspirert av Kenneth Sivertsen. Den fekk publikum til å trekkja på smilebandet.
Vamp er eit band som ikkje berre leverer flott musikk, men som også kan det å underhalde sitt publikum med morosame kommentarar og krumspring.
På Bredden
Publikum fekk naturleg nok høyra dei mest kjente songane som «Månemannen», «13 humler» og «Liten fuggel», men det var kan hende ei nedstrippa og nydeleg vakker framføring av «På Bredden» med Odin Staveland på vokal som vart høgdepunktet. Songen passa i alle fall perfekt i Moster Amfi denne kvelden.
«Den som blir tatt og ført i fjell, Då slo du ein sprekk i berg og sinn, Sprengte ein mur og slapp lyset inn».
Og då bandet song «Tir n´a Noir», og Toft sa at øya ligg ein plass midt mellom Haugesund og Bømlo? Ja, då var kvelden komplett. Publikum reiste seg og klappa taktfast i regnet.
Godt nøgde
Gerd-Helen Selle i Moster Amfi seier dei er godt nøgde med 822 selde billettar til laurdagens Vamp-konsert. Med litt betre vêr hadde gjerne enda fleire teke turen på impuls, for dei fleste billettane var selde på førehand.
- Men me er godt nøgde, bandet var nøgd og publikum var nøgd. Sjølv om det var litt regn, var det ikkje kaldt. Det var heilt topp, seier Selle. Det skriv Jan og Bente Ivesdal frå Stavanger under på. Dei var på hyttetur til Bømlo, og fekk med seg konserten i kvar sin kledeleg gule sydvest.
- Eg tykte det var veldig bra. Kjekt at Toft´en er med att og at Bjørn Berge har blitt med som gitarist, seier Jan. Han og kona tykte det var ein flott kveld på Moster.