Vamp på sitt beste

Vamp avslutta festen for Bømlo kulturhus med ein konsert som var jubilanten verdig.
Det var roleg ein periode etter at Vamp slepte plata «Liten Fuggel» i 2012, men i romjula i fjor sette bandet seg ned i studioet i Etne for å starte arbeidet med plata som seinare skulle bli døypt «Populas». Det er ein velklingande tittel for eit folkets band kjent for å blande ei rekkje ulike genrer med folkemusikk. Populas er latin for befolkning.
Meir enn 200.000 eksemplar av albumet «Liten Fuggel » er no å finne i platehyller over det ganske land, og skal ein tru på kritikarane som trilla terningane til både femmarar og seksarar, vil «Populas » blir ein like stor suksess.
Variert konsert
Tilbakemeldingane frå den fullsette storsalen i Bømlo kulturhus søndag kveld var like overveldande. Vamp er i gong med ein omfattande turne og har blitt møtt med fulle hus kvar enn dei har parkert turnébussen.
Vamp hadde ein svært variert speleplan med seg til Bømlo, og presenterte låtar frå stort sett alle dei 10 platene bandet har produsert i løpet av sine 22 leveår. «Tir n´a noir» og «Liten fuggel» var sjølvsagde låtar som publikum visste å setje pris på. Men også den nyaste plata fekk godt med plass under konserten, også det til stor glede for gjestene.
For siste tone hadde knapt lagt seg for kvar låt før publikum svarte med bravo-rop og taktfast applaus.
Glede og sorg
I «Populas» ønskjer Vamp å skildre ei rad fargerike personar og hendingar. «Elmer» er festa til notearket av Øyvind Staveland, og handlar om hans to år gamle barnebarn sitt møte med verda. Eit innbrot i eit vinmonopol og folkedansfest på Austlandet er òg tema bandet tek opp på plata.
Av dei ferskaste låtane var det nok «Passasjerane» som gjorde mest inntrykk på publikum. Songen kom til etter at Staveland hadde sett ein reportasje om 700 flyktningar frå Syria om bord på ein båt som gjekk på autopilot mot den italienske skjergarden mens uvêret herja. Mannskapet hadde berga seg sjølv, forlete skuta og lét flyktningane segla si eiga sjø.
Toft tilbake
Mange Vamp-fans har lenge håpa på eit gjensyn med Jan Ingvar Toft i bandet, og det med god grunn. Toft er i sitt rette element når han står på scenen, og er i tillegg til ein meir enn habil musikar ein entertainer av rang.
Han har forfatta fleire av låtane på «Populas» mellom anna låten om korleis livet må vera som sambuar til ein rosabloggar.
Toft trakk seg frå bandet i 1999, no håpar alle ihuga Vamp-fans at han er kommen for å bli.
Frank G. Stenersen