Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp er tilbake

Faksimilie Tysvær bygdeblad 29.10-2015

«Alle» har ei meining om Vamp. Alle har ein favorittsong eller favoritt vokalist. «Alle» liker nye Vamp.

Det er vanskeleg å seie kva som gjer bandet så unikt og seigliva, men det er lett å peike på alle hitsongane dei har trylla fram, og som framleis har ein stor plass på repertoaret under ein konsert.

Nå har bandet skifta ut mykje av musikarane før årets turné, og Bjørn Berge på gitar viser og høyrest godt igjen. Det er røft på den eine sida, men også litt sånn mjukt som bandet er så dyktige på å få fram, på den andre. Og Berge er ikkje ein gitarist som står og ventar på sjansar. Han trør til frå første stund.

Stemmen

Likevel er det denne typen i front som fangar merksemda. Med sitt rufsete hår og gitaren dinglande over brystkassa. Jan Ingvar Toft. Stemmen i Vamp meiner mange, og dei er ikkje færre etter måndagens konsert. Han tar tak i det meste og vrir og leikar seg gjennom både nytt og gamalt. Han får oss til å le, men også til å tenkje etter. Han er musikalsk så det held, og har måtte ta ei stor bør i det «nye» Vamp. Men han taklar det. Han tolkar dei gode gamle slik at me glømmer at nokon har vikariert i jobben hans. Me lar oss forføre av dei nye songane, som publikum knapt nok har fått høyrt gjennom, før konserten.

Det er eit genitrekk å hente han fram i det lyset han fortener i Vamp.

Vil ha meir

Å vere saman med Vamp i nesten to timar er som å bli varta opp som ein kongeleg. Mange smilte bredt då «13 Humler» kom allereie som song nummer tre. «Elmer», den nye litt rare songen om Øyvind Stavelands barnebarn, var mykje betre live enn på plate, og fekk anerkjennande nikk frå ein fullsett sal. Så kom «Men går eg øve engene » og det var så stille i salen at ein høyrte tangentane i pianoet slå mot strengene. Vakkert og viktig.

Så blei det meir alvor med songen om flyktningkrisa, «Passasjerane ». Det var som om publikum bad om litt nåde frå eit velspelande band.

Så spent var det at då Toft begynte på klimpringa til «Tir na Noir» så måtte Staveland kikke forsiktig ut i salen for å sjå om det var liv.

Og ja. Det var liv. For mange verd billetten aleine. Toft var tilbake, akkurat slik dei ønska det. Nokre kikka spent i gardinene om det dukka opp ei kvinne, men det var det ingen trong for. Toft er «Tir na Noir», «Tir na Noir» er Toft.

Ein ville ha meir.

På bredden

Odin Staveland er på mange måtar det nye Vamp. Han har vore det lenge nå, men framleis skjer det noko når han klyv ned frå trommesettet og set seg ved pianoet. Med hatten plassert på hjørnet tok han oss med på bredda. Nydelig, sårt, og så bra at folk hadde vondt for å øydelegge stemninga med applaus.

Men Vamp er Vamp og tør der andre bakkar. Kvifor ikkje løyse opp med ein skikkeleg skål, før dei drog over i hønsahuset og song om sommarjenta. Der og då gjekk det om ein annan.

Så då Toft etterpå leika seg gjennom «Malaren» var det vanskeleg å sjå kor dette ville ende. «Månemannen» tok seg av det. Rått og brutalt. Berge i storform. Staveland i storform, og Toft. Joda. Han hadde full kontroll og ståande applaus var vel fortent.

Litt overraskande dukka «Ferskenblomsten » opp som første ekstranummer. Fin og roleg og folk fann plassen i stolen igjen.

Før Odin Staveland fekk lov til å leike seg gjennom nok ein fantastisk versjon av «Liten fuggel». Terningkast seks var for lengst delt ut.

– Me er utruleg godt nøgde med konserten og er imponert over den mottakinga me har fått. Å starte ein turné på heimebane er ikkje så lett som mange vil tru, sa Øyvind Staveland.

Me seier ikkje det er lett Øyvind, me nøyer oss med å seie det er bra. Fantastisk bra.

Alf-Einar Kvalavåg

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Vamp er tilbake»