Med sol frå klar himmel låg alt til rette for ein flott dag i Årdal. Treffpunkt Årdal var ganske godt besøkt, utan at det var rekordtilstrøyming. Oppslutnaden om Vamp-konserten var meir i rekordsjiktet.
– Eg trur det er rundt 800 på konserten, sa ein veldig nøgd arrangør Eldfinn Austigard.
Vamp leverte også varene. Konserten var på ettermiddagen, sola skein og folk koste seg i grasbakken framfor scenen. Det gjorde at dei rolege songane gjekk like godt heim som dei meir rocka, men det løfta seg skikkeleg då Vamp drog fram «Månemann» og «Liten foggel» heilt i slutten.
Sjå fleire bilde frå Treffpunkt Årdal, opninga av nye Prestavegen og konserten med Vamp i eige bildegalleri.
Oppdatering:
Søndag ettermiddag opplyser kulturleiar Eldfinn Austigard at det blei seld rundt 900 billettar til Vamp-konserten. Barn under 12 år betalte ikkje billett, så det var nok godt over 1.000 menneske på konserten.