800 på Vamp-konsert i Austrheim

Vamp-konserten vart ein suksess! – Dette var utan tvil det best besøkte arrangementet under «Ein smak av Austrheim».
Konserten var eit høgdepunkt. Me selde over 700 billettar, og alt i alt var det 800 menneske i teltet då bandet spelte, seier festivalsjef Bjørn Inge Dyrkolbotn.
Han synest det var kjekt å sjå korleis fastbuande og hyttefolk kosa seg i festivalteltet ved Mastrevik torg onsdag kveld.
Song med
For Bente Helen Alvestad, Kjettil Alvestad, Ellen Brunstad og Eilif Rådmannsøy vart det ei aller tiders konsertoppleving. Damene fortel at dei har høyrt Vamp live nokre gonger før, og dei smilte og song med på eire av songane.
– Eg skulle likt å visst kor mange instrument dei brukte i løpet av konserten. Dei er utruleg inke, seier Ellen.
–Dei byter jo instrument heile tida, og speler forskjellige feler, øyter, gitarar og mykje anna.
Det er veldig artig, og så har dei så mange ne songar, seier Bente Helen.
På favorittlista deira står blant anna «Tir n’a Noir», og «Liten fuggel».
Når journalisten spør om dei kan tekstane utanåt, drar damene litt på det, men Kjetil og Eilif ler og seier at: Jo, det kan dei!
Godstemning
Damene var ikkje åleine om å ha «Tir n’a Noir» på favorittlista. Det braut ut spontan applaus i teltet med det same bandet begynte å spela på den. Mange henta opp mobilane, knipsa, lma og song. Det same skjedde også under «Månemannen» og «Ta meg med».
Publikum i Austrheim fekk ein n blanding av gamalt og nytt. Vamp heldt det gåande i nesten ein og ein halv time, og spelte blant anna «13 Humler», «På bredden», «Kim du nå va?», «Sommer i hekken», songen om «Elmer», «Maleren» og ein kort snutt om skjegget som ikkje er der meir.
– Som de ser er eg nybarbert, eipa vokalist Jan To .
Kjem gjerne tilbake
Bente Helen og Ellen håpar bandet tek turen til Austrheim fleire gonger.
Dei synest bandet hadde valt ut ein kombinasjon av energiske og rolege låtar.
– Det einaste som var litt dumt, var at det var litt vanskeleg å få med seg teksten i dei rolege partia i låtane, fordi det var ein del som snakka bak i teltet, men det var gjerne betre for dei som stod lenger framme, seier damene.
Dei bur i Bergen, og fortel at dei er på hyttetur i Nordhordland.
– Me kjem gjerne på konsert her neste sommar også. I fall visst det blir meir Vamp. Då stiller me garantert, seier dei.