Vamp gav alt

Godt over 700 publikummarar fekk med seg storkonserten med Vamp i teltet på Mastrevik Torg. – Årets høgdepunkt var omkvedet blant publikum.
På Vamp-konsert med døvetolk
– Dette var heilt fantastisk!
Over 700 menneske hadde tatt turen for å få med seg Vamp sin konsert i Austrheim, onsdag kveld. Mellom dei var ein gjeng høyrselshemma frå heile sør-Noreg. Dei fekk konserten tolka av døvetolkar.
Dette var heilt fantastisk. No får eg med meg ikkje berre brotstykker, men innhaldet i songen, rytmen, stemninga og det som vert sagt mellom songane, seier Elin Haugland frå Alversund.
Ho er med ein vennegjeng med teiknspråklege med folk frå både Nordhordland, Bergen og Tønsberg. Ein av dei som var der på onsdag var heilt døv, andre hadde Cochleaimplantat medan andre høyrde litt meir.
– Teiknspråket er limet i gjengen, seier Haugland.
Det er ikkje særleg vanleg med døvetolkar på konsertar, mange arrangørar er skeptiske og fryktar dei vil ta fokuset vekk. Men i Austrheim var det ikkje noko problem. Det er vennegjengen nøgde med.
– Arrangøren har vore heilt fantastisk, seier Erling Jacobsen frå Seim.
Ideen til å i det heile ha med seg døve- tolk på Vamp-konserten oppstod under eit show med Gitarkameratene i Tønsberg. Då ville den same gjengen også oppleva det på heimebane i Austrheim. Difor vart tolkane flydd over frå Tønsberg til Austrheim. Det er hardt arbeid for tolkane for å læra seg songane. Dei går mellom anna inn og analyserer songane på førehand.
– Me har pugga! Me har brukt mykje tid på å læra oss tekstane, ein må kunna dei for å tolka songane, seier døvetolk Marianne Bjerg. Saman med Monica Glåmen tolka dei onsdagens konsert.
– Men det vert uansett vår tolking av konserten, men slik er det jo for resten av publikum i salen også, seier ho. Det tek på å tolka ein slik konsert. – Ein vert skikkeleg sliten etterpå, seier ho.
Blant dei over 700 på konserten var også Monica Thorpe og Peggy Kjenes. Dei var truleg bandets største fans.
– Dette var veldig, veldig bra! Fantastisk, seier ei entusiastisk Thorpe etter konserten. Ho seier det var minst ein tolvar på ein skala frå 1–10.
–Kva er det som er så bra med Vamp då?
– Dei har vanvettig bra tekstar, musikken deira i det store og heile er bra og dei har bra komp, seier ho.
Venninna hennar Peggy Kjenes skryt og av musikarane.
– Kvar og ein er dei kjempebra, men til saman er dei eksepsjonelle.
Begge to seier dei hadde det kanongøy.
– Dette er utan tvil høgdepunktet under «Ein smak av Austrheim», seier Kjenes.