Fortryllande Vamp-stemning på Herøy

1500 var samla i kveldssola ved Herøy Amfi for å sjå rogalandsgruppa
- Ja, kva trur du, spør bandet retorisk da Smp.no ber om ei vurdering av konserten.
- Det var fantastisk! Heilt suverene omgjevnader, og publikum var med oss. Hverken vi eller arrangørane hadde venta at det skulle kome så mykje folk - og slike flotte folk! Dette var veldig, veldig gøy, seier Øyvind Staveland, fiolinist og vokalist i Vamp.
Strålande sol og god stemning
1500 menneskje hadde møtt opp på Herøy Amfi for å sjå konserten måndag kveld - i strålande kveldssol.
- Det skal ikkje vere lenge til vi kjem attende hit, seier Staveland.
Vamp slapp sitt tiande og siste studioalbum i fjor - «Populas».
Arrangør: - Dette vil vi gjenta
Det er første gong nokon spelar opp til heilaftens konsert på Herøy Amfi, og ifølgje arrangørane gjer det ingenting at det er Vamp som får denne oppgåva.
- Dette var nestan overjordisk vakkert og enormt imponerande, både med alle folka som kom og med ein fantastisk konsert, seier arrangementsansvarleg Bjørn Holum.
Om det fristar med gjentaking?
- Det er det ingen tvil om, dette vil vi gjere igjen, seier Holum.