Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Nær tusen samla for å høyra Vamp

Foto: Ingvild Eide

Regn og uvêr stoppa ikkje fansen då Vamp spelte ved Kulleseidkanalen, torsdag kveld.

Klokka sju var nær 1000 publikummarar samla i Melkevik ved Kulleseidkanalen, for å oppleva Vamp. Øyvind Staveland og Jan Toft kom på scenen med ei helsing til Kolbein Falkeid, og starta roleg med «Hallo Adjø», før resten av bandet vart med.

Gammalt og nytt repertoar vart presentert i ein fin balanse, medan grå skyer luska faretruande over publikum. Men Toft kunne roa oss: Han hadde inngått veddemål om at det ikkje skulle regna, så det var berre til å ta det med ro.

Eitt minutt seinare kom første skur, og medan han song 13 humler kom den eine regnjakka etter den andre på i publikum.

– Me er jo heldigvis profesjonelle på slikt vêr, lo Staveland og konserten heldt fram utan stans.

Samspelshøgdepunkt

Med eit heilt nytt band, var det herleg å høyra dei kjende stemmene til Toft og Staveland på både nye og gamle låtar. Odin Staveland fekk òg briljera og spelte «På bredden», i tillegg til å få avslutta heile ballet med «Liten fuggel».

For det er det som gjer Vamp så unikt: ynskjet og høvet til å kunna spela på alle individa i bandet. Det blir ikkje Vamp, viss ikkje alle musikarane kan traktera og eksperimentera med instrumenta sine. Det greier den nye besetninga med glans. Fløytetrillene og fiolinvirtuostiteten til Staveland var sjølvsagd på plass, men i tillegg var det mange flotte samspelshøgdepunkt. Kanskje var det spesielt når dei ulike vokalane i bandet kom saman og skapte magiske harmoniar, at det toppa seg.

Allsong

Toft storkosa seg på scenen og bydde på sjølvironi og humor som trefte godt. Bandet har halde på så lenge, at folk i alle aldrar har eit forhold til songane.
Regnet stoppa på ingen måte stemninga, og på «Tir n’a Noir» var det vakker allsong i Mjelkevika. Etter ei klissblaut affære, enda konserten med dans og hopp medan publikum song med

 

 

 

Les hele artikkelen hos Sunnhordland

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Nær tusen samla for å høyra Vamp»