Vått Vamp-publikum song med på slagerane

«Hallo - Adjø» opna Vamp, og publikummet fekk nokon lette regndråpar på seg. Så kom sola, før det begynte å regna skikkeleg.
Eli Laupstad Omdal frå kulturhotellet kunne ønska velkommen til ei gruppe som begynner å bli van med å spela i amfiet på Sogndalstrand. Laurdag kveld var det sjette gongen Vamp skapte stemning i sjøkanten. Gruppa har spelt i allslags vêr, og denne gongen viste himmelen fram fleire variantar i løpet av den cirka 90 minutt lange konserten.
Gjensyn
– Kjekt å sjå dykk, helsa Øyvind Staveland.
Gruppa baud på mange av dei kjende songane, noko publikum sette pris på.
«Det er svart november», proklamerte Vamp, og publikum svarte med å plystra og klappa. Mange gynga forsiktig frå side til side mens dei song med.
«Månemannen» utløyste kraftig klapping. Og då bandet ville gi seg for kvelden, bad tiløyrarane om meir.
«Liten fuggel» var siste ekstranummer. Sjølv om regnet hølja ned på dette tidspunktet, lét publikummet seg riva med.
God kontakt
Odin Staveland i Vamp samanfattar kvelden på Stranno slik.:
– Det har blitt ein tradisjon for oss å spela på Sogndalstrand om sommaren. Kvar gong er vêret annleis enn gongen før. Publikummet er fantastisk - folk stiller opp sjølv om dei får himmelen i hovudet. Det var ei god oppleving å spela i år. Me opplevde at me fekk god kontakt med folk.
Cirka 500 benkja seg for å høyra Vamp i Amfiet. Jan Oddvar Omdal på kulturhotellet skulle gjerne sett at det kom endå fleire folk.
– Det tok ikkje heilt av, og det er nok vêret si skuld. Men stemninga var god, samanfattar han.