Vamp sette standarden

Over 1000 menneske møtte opp då Vamp opna konsertkvelden på Festidalen-sletta.
USKEDALEN: Vamp er rocka opp det siste året, og konserten laurdag ettermiddag er noko av det betre vi har høyrt med Vamp. Jan Toft er tilbake som vokalist i bandet frå Haugesund, og det er ei sann glede. Vokalisten med den særprega røysta var i storslag, spøkte lo og showa for og med publikum.
Vi fekk dei såre vakre visene som Kin du nå var, Tir n'a Noir og På bredden med Odin Stavland. Sjølvsagt fekk vi og dei friske og kjappe sommarlåtane som 13 humler og Sommar i Hekken, som fekk eit voksent publikum til å synga med.
Dette var ein herleg start på konsertkvelden i Uskedalen, og avslutninga med Månemann og Liten Fuggel var perfekt.
Det er vent at rundt 2500 publikummarar laurdag kveld, medan det fredag var knappe 2000 på Dønhaugsletta.