Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Møtte Vamp-vener på Voss

Faksimilie Avisa Hordaland 22.11-2016

Tir n’a Noir er allemannseige, og det same er Månemann. Desse var sjølvsagt på Vamp si speleliste på Voss. Det var også den aller nyaste songen, Amilia.

Fargar i paletten

Vamp byr på rølpete rock og vakre balladar, på røvarviser og poesi. Dei herjar i heksedans, og syng stemningsfullt om unge sommarminne, om slitne fluktstolar, Tarzanblad og 13 humler i eit Norgesglas på trappa. Dei dyrkar det fargerike, det skakke, mangslungne og uperfekte, og peikar nase til det prektige og sjølvopptekne selfie-samfunnet.

Vamp er orkesteret som hevar kruset og skålar for dei som har mista fotfestet, for fangar og for fuglar som har klinka i ruta. Dei syng med hjartevarme og spelar med stor profesjonalitet. Alle syng, og fleire vekslar mellom ulike instrument. Og alle har dei stort fokus på folka i salen

Standup

- Vossingar, likar de å syngja? Ikkje berre gnikka på felene dykkar? spurte Jan Toft.

Vokalisten som har vendt tilbake til bandet, stilte opp med reine standup-showet. Medan musikarane trekte pusten i bakgrunnen, tok Toft ein gjennomgang av alle manglane han etterkvart oppdaga med kroppen sin. Han mangla hake - men såg ingen hake ved det - og han er utan hals - trass i at han må vera den i landet som har kjøpt flest halspastillar - og han manglar skuldrer, så han måtte starta på skulen utan ransel med med bestemors skotskrutete trillebag.

Om det skorta på hake, hals og skuldre, manglar han ikkje hofter. Og han var ikkje redd for å bruka dei, i munter flørt med publikum.

På fyrste rad sat dei som hadde vore tidleg ute, dei som kanskje er dei aller mest dedikerte publikummarane. Reidun Tveito og Grethe Rongen stortreivst gjennom konserten med dei seks fantastiske musikarane berre halvannan meter frå seg.

- Eg likar dei veldig godt. Det er noko med den typen musikk dei spelar, som kan vera både fengjande og rolege songar, seier Reidun Tveito.

- Og så er de veldig sjarmerande. Det er mange personlegdomar i Vamp, meiner Grethe Rongen.

Vamp himself

Dei set pris på at vokalisten Jan Toft er tilbake i bandet, for han ber mykje av forestillinga. Ja, og Øyvind Staveland sjølvsagt, som er gründeren og Far sjølv i laget.

- Tir n'a Noir er veldig fin, og Liten fuggel, som var ein hit då den kom. Og så er det noko spesielt med Månemann, meiner damene på fremste rad. Etter konserten ville dei kjøpa cd'ar, og helst skaffa seg Vamp-autografar. Og det er nok av plater å velja mellom. Vamp gav ut sitt fyrste album i 1993, «God morgen søster», etter fyrst å ha gjeve ut singelen «Hallo-Adjø». No, tjuefem år etter, har Vamp selt til saman éin million plater.

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Møtte Vamp-vener på Voss»