Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Magisk i Mølleparken

Det kunne rett og slett ikkje bli betre forhold for ein utandørs konsert enn då Vamp spelte under Taufr-festivalen i Mølleparken laurdag kveld. Det var bare smil å sjå i dei solkyssa ansikta i den varme forsommarkvelden.

Heller ikkje Vamp svikta. Dei spelte den eine publikumsfavoritten etter den andre. Humlene surra i dei riktblomstrande rododendron-buskane som omkransar den grøne grasplenen utanfor Villaen. Glade og yre ungar sprang og klatra rundt i trea i den frodige parken ved Krossvatnet.
Og foreldra klappa, song med og smilte nesten rundt der dei nøyt musikken, sommaren og helgefri.
Elin Marie Tjøstheim er på konserten saman med blant anna tre små barnebarn.
- Det er veldig kjekt når dei arrangerer noko slikt her lokalt, vêret og alt er heilt topp, det kan jo ikkje bli betre, seier Tjøstheim medan ho kikkar smilande på barnebarnet Anna Schmidt Tjøstheim (3 ½).
Treåringen synest det er kjekt på konsert, men kunne heller tenkt seg å ha vore i barnehagen eller på biblioteket.
- Eg har vore på ein konsert før, det var «Hakkebakkeskogen», fortel ho til lokalavisa.
Elisabeth Tjøstheim var den som hadde ideen til at Vamp skulle spela under Taufr-festivalen. Ho hadde nokre søvnlause netter før ho kunne konstatera at Vamp-konserten var ein suksess.
- Eg er veldig godt fornøgd, spesielt med vêret, slår ho fast.
Det var selt meir billettar på førehand enn kva arrangørane måtte ha for å få konserten til å gå rundt. I tillegg blei det også selt ein del i døra.
- Eg er ikkje 100 prosent sikker, men det var rundt 650 betalande. Mange ungar som gjekk gratis i følgje med vaksen, komiteen og alle dei engasjerte - bakarar, vaktar, parkeringsvaktar, kafevertar, medlemmer av styret, dansarar og riggarar. Så eg tippar det var over 800, kan Tjøstheim fortelja eit par dagar etter konserten.
Janne Andresen Westby frå Hardanger var på sin 240. Vamp-konsert i Mølleparken på laurdag. Ho blei hekta på haugesundsbandet i 2011.
- Korleis er konserten her på Tau samanlikna med dei 239 andre Vamp-konsertane du har vore på?
- I dag klaffa alt; vêret, stemninga, gutane var i storform og det var veldig kjekt med både små og store på konsert, seier ho til Strandbuen.
- Kvifor er du så fascinert av Vamp?
- Dei har noko særeige som ingen andre band har. Dei er rocka og syng på norsk. Dei er fantastiske gutar, skikkelege, jordnære folk, svarer Westby.
Harald Arnesen var med i arrangørkomiteen.
- Jentene frå kulturskulen som dansa var veldig flinke, og det var også veldig interessant å høyra kva Snorre Walde kunne fortelja om Taufr. Me fekk veldig positive tilbakemeldingar frå Vamp, dei ønskte å koma tilbake igjen, fortel Arnesen.
Han håpar Taufr-festivalen kan bli eit årleg arrangement.
- Det treng jo ikkje vera eit like stort orkester kvart år, men eg er veldig positiv til å få til noko igjen. Det trur eg me er fleire som er, seier Arnesen.

Les hele artikkelen hos Strandbuen

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Magisk i Mølleparken»