Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Bortimot 600 kom for å høyre Vamp i mektige Jotunheimen

På ei scene, 1.400 meter over havet. Så høgt har aldri Vamp spela før.

«Den som blir tatt og ført i fjell, Då slo du ein sprekk i berg og sinn, Sprengte ein mur og slapp lyset inn», song Vamp da dei førre sundag held konsert ved foten av Glittertind. 

Konserten midt i Jotunheimen nasjonalpark, var i regi av DNT og vertskapet på Glitterheim turisthytte, Tone og Knut Vole. 

- Flotte fjellfolk, kvitterte frontfigur Øyvind Staveland i Vamp

Eilev Hellekveen frå Lom varma opp publikum med fantastisk fløytespel før Vamp drog igang med kjente og kjære låtar. Den populære gruppa spela kjente låtar som «Tir n'a Noir». 

Som avslutningsnummer entra Linda Eide scena for urframføring av «Liten fuggel» på blokkfløyte saman med Vamp. - Eit lite steg for menneske, men eit stort steg for blokkfløyta, som Linda Eide uttrykte det. 

Dei som tok vegen til Veodalen og Glitterheim, fekk ein fantastisk dag i fjellheimen. 522 selde billetter, pluss ungar var på konserten på Glitterheim. Alle måtte gå eller sykle inn til turisthytta for å oppleve konserten med Vamp. I flott fjellvær fekk vi dei ei oppleving dei seint vil gløyme. 

Etter at konserten var over og scena teken ned, låg området att slik det brukar. Når fjellfolk er på tur, blir ikkje søppel og anna liggjande att i naturen.

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Bortimot 600 kom for å høyre Vamp i mektige Jotunheimen»