Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Varmt og stemningsfullt

Foto: Henrik Mundal Andreassen

Medan sola gjekk ned over Moster spelte og song Vamp kvelden inn føre 900 i amfiet.

Dagens siste soltrålar segla over scenen då Vamp sette i gang føre eit nesten fullsett Moster Amfi torsdag kveld.
Og med ein «blåe» himmel ovanfor og 25 varmegrader, kunne det ikkje passa betre då Jan Toft starta med sommar- klassikaren «13 humler». Etterfølgt av den splitter nye og flotte singelen «Onkel Holger».
Vamp-grunnleggjar Øyvind Staveland introduserte bandet med å fortelja at dei kom til å levera både nye og gamle låtar, og det var nettopp det dei gjorde under den vel halvannan time lange konserten på Bømlo, som gjekk så alt for fort. For her var det rett og slett ikkje mogeleg å ikkje kosa seg. Bandet både skøya og tulla, snakka om mauren på bakken, og Bømlo, og fletta det heile inn i sine folkelege og dagleg- dagse låtar. Spesielt Jan Toft og Odin Staveland levde seg inn og både skøya og gjekk ut
i publikum. Avsluttinga med hiten «Liten fuggel» viste i den ståande jubelen at Vamp framleis er store, og framleis leverer.

 

Les hele artikkelen hos Sunnhordland

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Varmt og stemningsfullt»