Vamp og folket kosa seg

– Vi storkosa oss, smiler Øyvind Staveland, frontfi- gur i Vamp. Det gjorde også dei omlag 600 som hadde fått plass i hagen ved Visnes hotel.
- Vi storkosa oss, smiler Øyvind Staveland, frontfigur i Vamp. Det gjorde også dei omlag 600 som hadde fått plass i hagen ved Visnes hotel.
- Dei hadde laga det så intimt og nært. Med såpass mange som kom vart det ei kjempegod stemning. Vi storkosa oss, seier Staveland.
Den halvannan time lange konserten baud på både nytt og eldre materiale. Det var sjølvsagt sett av tid til Månemannen, Tir na noir, 13 humler og Liten fuggel. Den sistnemnde framført som ekstranummer til stor jubel frå publikum. Her kom også allsongen for fullt. Men også det nye materialet vart godt motteke i hotellhagen.
- Det er alltid spennande å prøve nytt. Og så er det godt å ha gjort det før plateturnéen til hausten, seier Staveland.
Vart som håpa
Det var i fjor haust han fekk ideén til konserten då han besøkte hotellet i samband med opptreden i kulturhuset. Saman med hotelleigar Arvid Otterdal var han ute i hagen i tussmørkre og skritta opp med tanke på plassering av scena.
- Vart det som de hadde planlagt, spør vi.
- Ja, det vart rett og slett det. Det vart som vi hadde håpa på, smiler han takknemleg.
Bandet la også inn ein fridag i strynebygda denne gongen.
- Vi fekk kvile oss og prate med vertskapet, og vi fekk tatt taubana til Hoven. Endeleg fekk vi stoppa og sett Stryn. Dette var ei stor oppleving for oss, seier Staveland.
Humor
Å arrangere utekonsert på Vestlandet er eit risikoprosjekt med tanke på vêr og vind. Det var også fram i og regna ved eit par høve under konserten onsdag, men det vart heldigvis aldri dei store mengdene. Eit forholdsvis vakse publikum såg ut til å storkose seg. Noko også dei på scena gjorde. Dyktige musikarar med stor speleglede løfta dei meir ordinære låtane til noko større.
Den opphavlege vokalisten i Vamp, Jan Toft, kom tilbake i bandet for nokre år sidan, og han sjarmerte med artige kommentarar og fakter undervegs. Mellom anna fekk han med seg publikum på pusteøvingar han visstnok skulle ha lært i ei bok innan songopplæring.
- Ja, han var i god flyt og ein veit aldri kva som kjem der ifrå, ler Staveland.
Og i følgje han er gruppa frå Haugesund klar for nye strynebesøk.
- Vil dei ha oss så kjem vi att, det er ikkje oss det står på.