Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp i toppform

Vamp er framleis like populære, 26 år etter dei starta opp. Tysdag og onsdag spelte eit band i toppform for to smekkfulle hus i Riddersalen.

Det var vore mange utselde kulturarrangement på Baroniet i sommar. Vamp var sjølvsagt ikkje noko unntak. 2 x 440 personar fekk med seg konsertane, og Reidar Nedrebø på Baroniet opplyser at dei kunne ha seld ut éin til.

Grenda såg Vamp sin konsert tysdag kveld. Det var mykje summing på Haugesunds-dialekt i salen, så tydelegvis hadde mange frå heimbyen teke turen til Rosendal. Og det eldre ekteparet som sat på sida av journalisten hadde kome eins ærend frå Kragerø for å nyta kombinasjonen Baroniet og Vamp.
– Baroniet er berre praktfult, sa kona som hadde teke initiativet til turen.

Progrock
Dei frammøtte fekk høyra eit orkester som har endra seg stilmessigt dei siste åra. Kjernen er framleis i den irske folkemusikken, men det har også blitt meir reinspikka rock på setlista. Og i Vamp sin mest intense song, «Maleren» frå 1994, flørtar dei også med progrock, ikkje minst på grunn av det steintøffe orgelet til Lars Eirik Støle og gitaren til Bjørn Berge. Denne utviklinga er utelukkande positiv.
Men publikum fekk også høyra mange av Vamp sin velkjende balladar. Både «13 humler», «Hallo - adjø», «Kim du nå va?» og den underskjøne «På bredden» stod på menyen. «Tir n’a Noir» er eigentleg fullstendig ihelspelt, men trass i at gruppa sikkert har framført songen tusen gonger, makta dei å levera ein gripande, flott versjon.

Spelesugne
Vamp verka svært spelesugne for anledninga, og musikarane såg ut til å kosa seg storleg på scena. For tilhøyrarane var det spennande å følgja dei stadige skifta i instrument og vokalistar. Det er utan tvil ein særs allsidig gjeng høvdingen Øyvind Staveland (fiolin, fløyter, trekkspel, vokal) har med seg. Både Jan Toft (vokal, akk. gitar), Bjørn Berge (el. gitar, banjo), sonen Odin Staveland (trommer, vokal, piano, trekkspel) og Lars Eirik Støle (orgel, trekkspel) var sentrale på scena, medan bassist Kjetil Dalland heldt seg i bakgrunnen.

Konserten avslutta med «Månemannen», men publikum var raskt på beina og forlanga meir. Det fekk dei i form av «Øyentrøst» og «Liten fuggel». Sistnemnde vart motteken med stor jubel.
– Dette var vel verdt sju timar i bil, sa dama frå Kragerø på veg ut døra.

Les hele artikkelen hos Grenda

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Vamp i toppform»