Vamp på Nett: Vamp på Spotify Vamp på Wimp Vamp på iTunes Vamp på Platekompaniet Vamp på 7 digital Vamp på Facebook Vamp på Twitter Vamp på YouTube Vamp på EnkelKlarering.no Vamp i Gitarboka

Vamp leverte varene med skyhøgt nivå

Det var fullsett på Arena fredag kveld då Vamp entra scenen presis klokka sju.

Vamp osar av profesjonalitet, og for ein meldar som faktisk aldri har høyrt Vamp live før, var det inntrykket av kvalitet som sat att etter konserten.
Litt tøys og tull frå Jan Toft på slutten sette berre ein ekstra spiss på det.

Kvar for seg består Vamp av musikarar på høgt nivå, men det er samspelet og tryggleiken på scenen som gjer bandet til det dei er.
Dei to nyaste medlemene, tysnesingen Kjetil Dalland på bass og Bjørn Berge på gitar gjorde jobben sin på ein framifrå måte.
Bjørn Berge briljerte med heftige riff, og var åleine verd billetten.
Allsongfaktoren var høg. «Na, na, na, na, na, na, na», «Tir n’a Noir» og «Når eg ser ein liten fuggel» runga i lokalet.

Stemninga var god, men diverre var det, som ofte før, ein del av publikum som delvis øydela konsertopplevinga for dei andre.
Det vart mykje hysjing på pratesjuke som mangla respekt både for musikarane og dei som var komne for å ei god konsertoppleving.

 

Les hele artikkelen hos Sunnhordland

Les anmeldelsen som pdf

Hva synes du om «Vamp leverte varene med skyhøgt nivå»