Vamp i storform
Vamp kan kunsten å veksla mellom mjukt og hardt, råtøft og rørande i løpet av ein og same konsert.
Laurdag og søndag spelte Vamp to utselde konsertar i Riddersalen til Baroniet Rosendal, der publikum verkeleg fekk valuta for pengane. Kvinnheringen var innom på søndag, og underteikna fekk stadfesta mistanken: Vamp består av ein gjeng eineståande musikarar med stort spekter som leverer knakande flotte konsertopplevingar gong etter gong.
Konserten fekk ein pangstart med dei to fengande låtane «Amalia» og «Reimert i puss», før stemninga blei var og vakker med «Støypt i rav» og «Det roliga regnet».
- Kvar gong vi er i Rosendal, så regnar det. Men i fjor spelte vi inn video i baronihagen til «Det roliga regnet» med tekst av Lars Saabye Christensen, og då passa det godt, fortalde Øyvind Staveland til publikum.
Kontrastane heldt fram utover konserten, med både gamle klassikarar som «Et uansvarlig dikt», «13 humler», «Kim du nå va», og «Tir n'a Noir» og nyare låtar frå dei siste platene. Vamp har også to svært kontrastfylte vokalistar i Jan Toft og Odin Staveland, som veksla på å synga. For mange er det Toft som er den «originale» Vamp-vokalisten. Han sa ikkje mykje til publikum, men showa med til tider eksentriske kroppsrørsler og skikkeleg innleving. Staveland på si side gjorde heller ikkje skam på Vamp. Han og dei andre i bandet serverte ein av låtane Stavelad er mest kjent for å syngja, «Liten fuggel», som ein av dei siste låtane på konserten. Heilt til slutt forlét bandet instrumenta sine, og varta opp med «Onkel» i a capella-versjon. Dette var rett og slett ei vitamin-innsprøyting på ein noko kjøleg sommardag!