Vamp viste veg i Riddersalen

Laurdag og sundag viste at Vamp framleis har publikumstekke, og at dei framleis er i utvikling.
Vamp stilte med seks mann på scenen og sette tonen frå første akkord. Riddersalen viste seg som ein framifrå konsertarena, med svært god lyd, medan Vamp – ikkje overraskande – viste seg som eit godt samspelt band.
Frontfigurane Øyvind Staveland og Jan Helge Toft delte på å vera vokalistar, men hadde solid støtte hos mellom anna trommis og tidvis vokalist og ukulelespelar – Odin Staveland og gitarfenomenet Bjørn Berge.
Hitparade
Første delen av konserten var fokusert om det nyaste materialet til Vamp. Det inkluderte «Det roliga regnet», med tekst av Lars Saabye Christensen, ein ny song som Vamp spelte inn musikkvideo til i Baroniet Rosendal i fjor sommar.
Utover i konserten fall stadig fleire av melodiane inn i kategorien klassikarar. «13 humler», «Kin du no va», «Tir n’a Noir» og «Månemann», Vamp har ein brei bukett folkekjære slagerar å velja i frå, og publikum fekk det meste dei kunne håpa på. På kvar av konsertane var det kring 400 som hadde funne vegen til Riddersalen.
- Me kan få inn 450 her, men når scenen er så stor som Vamp sin, blir plass til litt færre, fortalte Reidar Nedrebø i Baroniet Rosendal.
Konserten på laurdagen vart avslutta med blant anna «Liten Fuggel» og «Onkel» som ekstranummer. På sistnemnde song parkerte dei instrumenta og stod på scenekanten og song alle seks. Eit flott punktum på ein flott konsert.